Vidre AS

Vi viser til tidlegare informasjon om at det har pågått ein prosess for å finne eit permanent namn på selskapet. I denne prosessen har vi hatt bistand frå designbyrået Farmhouse her i Stryn.

Det nye namnet på driftsselskapet (GB Drift AS) er ”Vidre AS”. Dette vart bestemt i styremøte og ekstraordinær generalforsamling i selskapet tysdag 08.02.2011.

Tida frå avgjerd til offentleggjering har vore nytta til mellom anna å registrere domene, oppdatere offentlege register og varemerkeregistrering for det nye selskapet.
Vidre er inspirert av namnet på den norrøne guden Vidrir som er vêrguden (vêrhersker eller vêrgiver). Vidrir er også eitt av Odin sine mange namn og blir karakterisert som eit av dei mest alminnelege og betydningsfulle namna hans.
Namnet Vidre i Norrøn forankring høver godt i vår samanheng ved at vi byggjer bussar som er tilpassa og eigna for nordisk klima, på våre kantar også omtala som ”styggevêr”.
Namnet gjev også assosiasjonar til ordet ”vidare”:
• Vi jobbar vidare i tydinga at vi held fram med produksjon av bussar her i Stryn.
• Bussane vi produserer køyrer vidare/held fram på ruta.
• Strategien vår er å vere ein fleksibel leverandør med produktspekter som er vidare i tydinga breiare enn det originalprodusentane lagar på sine større og meir standardiserte fabrikkar.
I tida framover blir det jobba vidare med å utvikle logo, grafisk profil, heimesider og
kommunikasjonsstrategi for selskapet og det vil bli ei offisiell markering/opning i april.